Sandsvalebygg på Radøy

11.06.2022 07:03

I løpet av mai 2022 blei det laga eit lite sandsvalehotell ved ``Lommetjødna`` nord på Radøy. Området har tidligere hatt kolonier av sandsvale, den største blei borte på grunn av utbygging av eit klekkeri i forbindelse med ei elv i området.  Nokre spredte observasjoner dei siste åra, og ein på 8-10 sandsvaler som vart værande frå 25 april- og heile mai ved ``Lommetjødna``nord på Radøy. Dette førte til at  eit sandsvalehotell på 6 rugekasser vart laga som eit prøveprosjekt.

Tekst og foto:Jonny Njøten


Sandsvalebygget er plassert oppå ein skrent nært myr og vatn.

 

Røra som er brukt mellom inngang og reirkasser er 60mm utvendig og 50 mm innvendig mål. Lengden er 65 cm og er tetta med silikon inn mot reirkasser. Ramma har er laga i trykkimpregnert tre, med rester av baderomsplater til tak og front/sidepanel.


Slik ser sandsvalebygget ut innvendig Taket kan løftast av for vedlikehold og ettersyn

Taket på reirkassene er gjort tilgjengelig med avtagbart tak. Grovramma som leilighetsprosjektet står på er gamle telefonstolper tilpassa terrenget med rett vinkling med tanke på vatn.  Det er i tillegg lagt presenning av plast over heile tak-konstruksjonen. Ramma er plassert på kanten av ein bratt fjellskrent der det er 8-10 meter ned til myr/vatn. Det er også fjerna skog og vegetasjon for at tilgangen til hotellet skal bli god og meir tilgjenglig for sandsvalene.

Rørganger til reirkasser er fyllt opp med ei blanding av sand/aur/ raudjord som finnes i dette området. Reirkassene er fyllt opp til omlag halvfull av blandinga.

 

Her ser vi utsikta frå taket av konstruksjonen, og nærheta til vatnet som er eit eigna jaktområde for vaksne sandsvaler.

 

 

Referanse til denne artikkelen:
Njøten, J. (2022). Sandsvalebygg på Radøy.Svalene Våre.
https://svalenevaare.com/news/sandsvalebygg-pa-radoy. (Hentet dd.mm.åååå)